I namnesak 27/2012 har Kartverket gjort nytt vedtak for skrivemåten av to namn i sak 03/2008. Det gjeld skrivemåtane Lissguløya og Storguløya i Alstahaug kommune. Nye vedtekne skrivemåtar er Liss-Gulløya og Stor-Gulløya, og i tillegg er ei fleirtalsform vedteken, Gulløyan, sidan det også er vanleg å omtale dei to øyane i fleirtal utan førestelte variasjonsledd. Til Gulløyan høyrer også Sal-Gulløyan, som no er den vedtekne skrivemåten.

Etter § 10 i lov om stadnamn kan dei som etter § 5, første ledd bokstav a til c har rett til å reise namnesak, også klage på vedtak om skrivemåten av namn. Klagefristen er sett til tre veker frå då meldinga om vedtaket kom fram til mottakaren.

Ein eventuell klage skal sendast via kommunen til Kartverket i Bodø, som er det organet som har fastsett skrivemåten.